Intervju med Synneva Helland
Synneva Helland jobber som første dosent ved Høgskolen i Sogn og Fjordane, og er prosjektleder for det lokale PIL-prosjektet. Her svarer hun på noen korte spørsmål om sine erfaringer med PIL.
Hvorfor er PIL-prosjektet et viktig prosjekt?
Fordi prosjektet gir oss høve til å vidareutvikle og prøve ut samarbeidsformer der målet er at studentane opplever god samanheng mellom dei to hovudaktørane i utdanninga: praksisfelt og undervisning på høgskulen. Det er eit mål å utdanne trygge og godt kvalifiserte førskulelærar, både når det gjeld teoretisk forståing og praktiske ferdigheiter.
Hva er den største utfordringen for et slikt prosjekt?
Tid er definitivt den største utfordringa! Alle aktørane har ein svært travel kvardag, og prosjektet er i utgangspunktet berre ein liten del av denne kvardagen – ein del med høg eller låg intensitet periodevis gjennom studieåret. Prosjektet gir lite rom for kompensasjon i form av frikjøp frå andre arbeidsoppgåver, og deltaking i prosjekt kan nok opplevast som ekstraarbeid i kvardagen, sjølv om ein gjerne vil og det er fagleg interessant. Deltaking krev både god planlegging og prioritering frå alle aktørane. Det kan vere problematisk å finne møtetidspunkt som høver for alle.
Hvordan har prosjektet blitt mottatt av samarbeidspartnerne i skolen?
I vårt prosjekt deltek 4 partnerbarnehagar. Desse er valde ut med tanke på variasjon i storleik og geografisk plassering. Då vi inviterte til prosjektdeltaking møtte vi stor velvilje og interesse hos alle, og engasjementet vil eg seie har helde seg høgt heile tida.
Hvis du skulle nevne ett eller to poenger som beskriver det viktigste du har lært gjennom dette prosjektet – hva ville det være?
Partnerskapsmodellen er særleg interessant i utdanningssamanheng, og den vil vi prøve å utvikle vidare også etter prosjektperioden. I utgangspunktet handlar alle PIL-prosjekta om tettare samarbeid med praksisfeltet og nye møteplassar. Vi valde også å vektlegge eit innhald som var fagleg interessant for alle partar: korleis arbeide didaktisk med fagområda i dei uformelle læringssituasjonane i barnehage¬kvardagen? Dette viste seg å vere eit godt grep. Temaet er lite utforska og omtalt i faglitteraturen, og har difor vore eit interessant fagleg fokus i samarbeidet, og noko som har skapt stort engasjement hos alle deltakarane.
Hva ville du hvisket Kristin Halvorsen i øret, hvis du skulle gi henne et godt råd for å fremme praksisbasert lærerutdanning?
Viss du verkeleg vil heve kvaliteten i førskulelærarutdanninga, må du jobbe for å få fleire utdanna førskulelærarar i barnehagen. Sterke fagmiljø både i praksisfeltet og i høgskulen er det beste grunnlaget for samarbeid om utdanninga, og kanskje er det den viktigaste faktoren for å fremje praksisbasert førskulelærarutdanning.
_________________________________________________________________________________
